| Namn: | Christoffer Hafsås | ![]() |
| Posisjon: | Angrep | |
| Draktnr: | 25 | |
| Fødd: | 09.09.1992 | |
| Høgd: | 1.92 m | |
| Vekt: | 80 kg | |
| Land: | Noreg | |
| Tidlegare klubbar: | Stårheim, Haugen | |
| Sivilstatus: | Call me! 95 78 78 27 | |
| Beste fotballminne: | Avgjere mot Stryn 16.mai 2009. | |
| Målsetnad for 2010-sesongen: | Fortsette framgangen og utviklinga. Jobbe hardt med spisseigenskapane. | |
| Statistikk | ||||
| År | Mål | Målgjevande | Gule kort | Raude kort |
| 2010 | 15 | 8 | 4 | 0 |
| 2009 | 21 | 5 | 3 | 0 |
Christoffer Hafsås starta med fotball allereie som 5 åring. Som lillegutt-spelar var han eit stort talent saman med naboen Eivind Daniel Røed. Dei blei begge spådd ei lysande fotballkarriere.
Christoffer var også eit stort skitalent, og kombinerte fotball og skiskyting. Han prioriterte skiskyting førre fotball heilt fram til jula 2008. Grunnen til dette var fordi Christoffer gjorde det veldig bra i begge idrettar. I skiskyting vann han store skirenn og vart sett på som ein av dei som kunne kome langt.
I fotball var Christoffer også dyktig. På gutelaget til Eid, var han ein av dei store profilane som stod fram med viktige scoringar både på Norwaycup og i den lokale serien. Då tok han steget opp til a-laget, var han nøydt til og satse på enten fotball eller skiskyting.
Han kom aldri skikkelig igang med skisesongen og valte difor å satse 100% på fotball. Han debuterte for a-laget borte mot Skavøypoll i ein kamp Eid vann 2-1 i 2008. Han kom inn i 2 omgang, og gjorde ein godt omgang. Christoffer sitt første mål for a-laget kom i den første runda i Firdaligaen heime mot Jølster. Det har vore høge forventningar til denne 16 åringen, men han har så absolutt infridd! Han har levert sakane sine svært godt, og stod med 7 mål på 6 kampar. Før siste kamp mot Sogndal 2 var han eit mål bak Strypet og toppscorartittelen, men Hafsås putta 3! Han stod derfor med 21 mål i Firdaligaen 2009, og var med det årets toppscorar! Ein enorm prestasjon som imponerar dei fleste.
Han går 2 året elektro og er ferdig med vidaregåande til sommaren, kanskje det er på tide at unge Hafsås tar nye steg?
Nokon av Christoffer sine styrker er: Enorm luftstyrke, god venstrefot, sterk i kroppen og steinhard innsats. Han er ein treningsvillig gut som heilt klart blir ein viktig bidragsytar for Eid sitt a-lag.
| Spelarintervju: | Etter kampen: Videointervju med Christoffer Hafsås |
| Intervju: Christoffer Hafsås | |
| Etter kampen: Intervju med Christoffer Hafsås |













