|
25. juni 2010
Aldersbestemt: G13 har hatt god kontroll gjennom vårsesongen og endte til slutt på toppen av tabellen i si avdeling. Og enda opp som vinnar av bronsefinalen i Sognefjord Lerum Cup denne helga - no også med eit par bilder frå turneringa!
Edit: For bilder frå Sognefjord Lerum Cup 2010, sjå heilt nede i artikkelen.
Eid G13 har med sine åtte sigrar og to tap vunnet 2. div avd. 4. I skrivande stund er laget på Sognefjord Lerum Cup i Sogndal, i eit forsøk på å følgje opp suksessen. Lagleiar, Anne Karin Rand Torheim, melder om følgjande frå dei to siste kampane i vårsesongen:
Fredag 18. juni:
Eid 2 spelte en utsatt kamp mot Stryn 1 heime på kunsten fredag 18. juni. Eid tok føringa i kampen og dagens første mål kom etter berre fire minutt av Stein Inge, like etterpå sette han inn mål nr to. Eid hadde føringa og leia kampen frå start til slutt, noko resultatet viser. Slutt resultatet vart 7 - 1 og målskorarane var ; Stein Inge (2), Julian (2), Håvard (2), Oliver (1).
Desse var med: Vegard, Anders, Kristian R, Kristian Å, Julian, Markus, Kristoffer, Syver, Stein Inge, Martin, Håvard, Kim Andre, Oliver, Øystein, Hans Kristian.
Gutane leder fortsatt serien og har berre ein kamp igjen som blir spelt mandag 21. juni i Honndalen.
Mandag 21. juni:
Eid 2 reiste opp i Honndalen mandag 21.6 for å sette kronen på verket med ny seier, men sånn skulle det altso ikkje gå. Pga. korpsstemne og ferietid hadde vi spelarar vekke. Også litt skade no på slutten av vårsesongen, gjorde til at vi hadde med spelarar frå 96- og 98-kulla. Eid gjekk ut i et forrykande tempo og leia 2 - 0 etter kort tids spel. Hondalen hadde mange sjansar mot keeperen vår men heldigvis for oss gjekk balle utanfor. Kristian Å og Stein Inge hadde kvar sin redning på strek, so Honndalen kunne ha leia mykje meir. Dei reduserte to ganga på slutten av omgangen so ved pause sto det 2 - 2. Eid sette inn eit nytt raid og like etter at andre omgang var starta gjekk Eid opp i 4 - 2 leiing igjen. Dette resultatet heldt dessverre ikkje til slutt, for Hondalen skorte tre gangar til, so ved kampslutt vart det 5 - 4 til dei. Dei to 98-gutane Preben Løvlid og Vebjørn Høynes klarte seg veldig godt, jobba og sto på heile tida dei var på bana.
Eid 2 avslutta vårsesongen på toppen av tabellen og er godt nøgde med det. No ser en fram mot hausten og ny serie, men først skal laget til Sogndal på Sognefjord Lerum cup.
Desse var med (mål i parantes): André Ervik, Kim André, Stein Inge (1), Kristian Å, Hans Kristian, Syver, Oliver, Markus, Stein Hans Nesbakk, Håvard (2), Kristoffer, Øystein, Preben (1) og Vebjørn.
- For terminliste og tabell, klikk her.
- For Sognefjord Lerum Cup, klikk her.
Litt cup-rapport:
Eid - Gneist 3 1-1
Eid - Norheimsund/Øystese 8-0
Eid - Baune 8-3
Klasse G pulje 10 ser du tredje nederst på denne sida her.
8. delsfinale:
Eid - Os 1 3-2
Kvartfinale:
Eid - Fyllingen 2-2 (Eid vidare etter trekning)
Semifinale:
Eid - Hønefoss 1 2-10
Bronsefinale:
Eid - Langevåg 1-0
Finale:
Åsane 11 - Hønefoss 1 2-0
Sluttspel klasse G finn du her.

Preben Løvlid debuterte for Eid G13 og spelte dermed sin aller første 11'ar-kamp mandag. Han kvitterte med å score mål og fikk seg nok ein god opplevelse, trass tap mot Hornindal. Dette bildet er teke under ein G12-kamp tidlegare i år. FOTO: Stig Høynes, haugenfotball.no

Pep-talk før kamp. FOTO: Torild Natvik

Lagbilde av gutta, flankert av trenarane: Tore Heggen (t.v) og Sondre Nordnes (t.h). FOTO: Torild Natvik

Her er det stor Eidajubel, etter siger i bronsefinalen mot Langevåg og med medaljane hengande rundt halsen. Bak f.v: Øystein Karlsen, Kristian Rønnestad, Oliver Rotihaug, Kristian Årskog, Kristoffer Drage, Julian Smørdal og Markus Lefdal. Framme f.v: Syver Natvik, Håvard Holmøyvik, Stein Inge Torheim, Kim André Nygård og Martin Kragseth. Liggjande: Vegard Lunde. FOTO: Torild Natvik










