|
24. juni 2010
A laget: Eid vann i kveld 2-1 over Fjøra, og med det tok dei sin sjette strake siger! Samstundes er Eid no på ein tredjeplass (!) på tabellen.
Fyrste målet i kampen scora Eid etter bare 10 minutt. Det var ein svært spelesugen Thomas Starheim som hedda ein corner, som forøvrig blei teken av Hans Egil Glomnes Øyen, kontant i mål. Etter dette fortsette Eid å produsere sjansar, men fikk ikkje mål igjen før det var gått 38. minutt av kampen. Det var Christoffer Hafsås som denne gong dundra ballen i mål via ein fjøraspelar, og igjen var det Hans Egil Glomnes Øyen som stod for den målgjevande pasninga.
2. omgong starta slik Eid spelte i fyrste omgang, men makta ikkje å omsetje sjansane til mål. Eid var solide både framover og bakover, og skapte store sjansar dog utan å få ballen i mål bak Fjøra sin keeper. Fjøra fikk i sluttsekunda redusert på ei hedding av Ole Morten Kvam – noko som var det siste som skjedde før dommaren bles sluttsignalet.
Eid står no med 24 poeng etter 11 kampar spelt, og inntar dermed tredje plass på tabellen i Firdaligaen (!), og bare 4 poeng bak fyrsteplassen Tornado Måløy. Eid har 11 poeng forsprang til femte plassen, og har for alvor blanda seg inn i toppen!

Christoffer Hafsås står no med 10 mål, og 5 målgjevande. Her sett han inn målet som gav Eid 2-0 leiing. FOTO: Stig Høynes, haugenfotball.no
Eid - Fjøra 2-1 (2-0)
1-0 : Thomas Starheim (10.min)
2-0 : Christoffer Hafsås (38.min)
2-1 : Ole Morten Kvam (95.min)
Gult kort: Johannes Myklebust, Christoffer Hafsås - Eid. Daniel Fylling, Ole Morten Kvam - Fjøra
Eid: (4-4-1-1)
Jim Rune Hoddevik
Johannes Myklebust - Ove Balsnes - Henning Haugen - Ole Gunnar Midtbø
Kim Vik - Håvard Bruvoll - Ole Andreas Solheim - Hans Egil Øyen
Thomas Starheim
Christoffer Hafsås
Reserve:
Sondre Kullsveen (86. min) - Anders Midthjell (86)
Øystein Aabrekk (61. min) - Andreas Bjørhovde Heggedal (74. min)










