|
22. juni 2010
Aldersbestemt: J11 har denne vårsesongen debutert på 7'ar-bane og har like godt vunnet alle sju kampane dei har spelt.
Etter fem av fem moglege sigrar, stod dei to siste kampane for tur borte mot Stryn og heime mot Vikane. Dei to føregåande kampane vart begge vunnet med 11-1 og jentene var i storslag før kampen i Stryn. Den kampen viste siffera at det ikkje vart like enkelt som tidlegare kampar, men Eid gjekk sigrande ut av duellen i Stryn med 3-2 som sluttresultat og Astrid Bjørke (2) og Kaisa Englund Espe stod for scoringane i den kampen.Siste kamp i vårsesongen skulle spelast på heimebane mot Vikane og då vart det litt enklare motstand, noko ein finfin 8-3-siger tyder på. I denne kampen vart scoringane sette inn av Eline Langeland (2), Frida Holmgren (2), Andrine Mårstøl (3) og Julie Hagen.
Terminlista for J11 avd. 3, finn du her.

Dei uovervinnelege jentene til Eid. Bak f.v: Lene Myklebust, Frida Holmgren, Eline Langeland. Framme f.v: Iselin Navelsaker Røed, Astrid Bjørke, Kaisa Englund Espe, Johanna Reksten. Liggjande: Andrine Mårstøl. FOTO: Yngve Tolaas, Fjordabladet










