|
22. mai 2010
Sognahallen er vel den mest spesielle arenaen for eit bortelag i 3. divisjon damer. Både inneklima og underlag er noko ufjelgt for alle andre enn dei som trenar der til dagleg. Vi kom iallefall med friskt mot og ambisjonar om å hemne katastrofetapet frå i fjor. Fyrste omgang var jamnspelt og nokså sjansefattig. Sogndal hadde nokre farlege oppløp, men var heldigvis lite effektive. Eid fekk bra fasong på spelet, men Sogndal hadde nok høyrt om dei farlege kantane våre og klarte å demme opp så vi kom ikkje til dei heilt klare sjansane. Så i det 33. minutt set Ingebjørg fart. Går litt meir inn i bana enn vanleg og samspelar med Lisa inn i 16-meteren, og det er til slutt Lisa som set ballen i mål! Eit flott angrep.
Etter pause er det Sogndal som startar friskast, alt etter tre minutt samspelar dei fint i midten og scorar. Vi sleit i den perioden, samspelet satt ikkje så godt lenger og vi tapte ein del duellar. Dermed fikk Sogndal litt trua på det og får det psykologiske overtaket som ofte avgjer fotballkampar. Etter 25 min. spelar dei seg fram på venstrekanten og aukar til 2-1. Likevel gjev vi ikkje opp og får i alle fall midlertidig lønn for strevet etter 85 minutt. Det kjem eit langt framspel, Lisa går i duell med ein forsvarar, ballen får ein stuss som lurer keeper og ho må sjå ballen trille mellom beina sine og i mål. Uansett om Lisa var sist på ballen eller ikkje, er det hennar mål! Så skjer då omtrent det suraste som går an i ein fotballkamp, vi får eit nytt baklengsmål og taper i det 90. minutt.
Kvifor taper vi denne kampen? Fyrst og fremst skal det seiast at kampen var jamn. Sogndal var på ingen måte overlegne, og det var nok helst heimebanefordelen som bikka det i deira favør. Vi var betre enn Sogndal så lenge vi hadde innsatsen og konsentrasjonen på topp, men skuffa litt med å dette såpass mykje i prestasjonane som vi gjorde utover i 2. omgang. På den positive sida: Nina kom fint tilbake etter sjukdom sist og comeback av Marita Tolaas som gjer at vi har større stall og bredde enn på lenge.Sogndal - Eid 3-2 (0-1)
0-1: Lisa Skarstein (33. min)
1-1: Sogndal (48. min)
2-1: Sogndal (70. min)
2-2: Lisa Skarstein (85. min)
3-2: Sogndal (90. min)
Eid sitt lag: Henriette - Malene, Marte, Mariel, Elise - Veronika, Beate, Kady - Merete, Lisa, Ingebjørg. Ved pause: Nina inn for Malene. Siste 20 minutta kom Susanne inn for Elise og Marita inn for Mariel. Reserve som ikkje kom på bana: Synnøve.
Tabellsituasjon: Eid vart denne runden skyvd ned frå tabelltopp og befinner seg no på 3. plass, med litt fleire kampar enn dei andre laga. Jølster overtok tabelltoppen og mykje rart skal skje om dei ikkje blir å finne der ut sesongen!
Andre resultat: Loen - Stryn 5-1 og Jølster - Lærdal 5-0. Breimsbygda - Bremanger vert spelt søndag 23. mai kl. 13.00. Kaupanger 2 har spelefri denne runden pga. Høyang som trekte laget sitt før sesongstart.
Neste kamp: heime mot Lærdal 4. juni kl. 19.00.
For terminliste / resultat / tabell, klikk her.

Lisa Skarstein hadde ein god dag i Sogndal med sine to mål, men det haldt dessverre berre nesten mot Sogndal. FOTO: Stig Høynes, haugenfotball.no










