Damelaget: Eid kom til kort mot opprykksfavoritt Jølster.

Det vart eit surt tap for damene på Idrettsparken i kveld. Vi hang godt med Jølster i ca. 25 minutt og vi tok også leiinga på ei typisk Ingebjørg-scoring, der ho skjer inn frå kanten og set ballen fint forbi keeper. Men etter dette var det Jølster som sto for resten av scoringane og i løpet av slutten på 1. og starten på 2. omgang rann det inn 5 mål. Dei fleste kjem etter markeringssvikt og personlege feil hos oss, men det skal også seiast at Jølster har sterke enkeltspelarar som er vanskelege å få tak på. Dei imponerer ikkje med fint samspel, men fysikk og enkle løysingar heldt i dag.

På vårt lag fungerte samspelet dårlegare enn vanleg og då blir det til slutt ein kollektiv depresjon i laget som gjer at vi ikkje greier å kome innatt i kampen. Det verka også som ein del av spelarane våre sleit med å finne seg til rette i rollene sine i dag.

No er det om å gjere å reise seg igjen, det er trass alt ikkje uventa å tape mot Jølster som er tippa som seriefavoritt. Det ventar to bortekampar mot Kaupanger 2 og Sogndal og då skal vi nok prestere betre enn vi klarte i dag.

Eid - Jølster 1-5 (1-3)

1-0: Ingebjørg Scott Bale

1-1: Kristina Juklestad

1-2: Gunnhild Viken

1-3: Siren Heggheim Nilsen

1-4: Britt Sissel Sunde

1-5: Kristina Juklestad

Desse spelte for Eid i dag: Henriette, Susanne, Marte, Mariel, Elise, Veronika, Nina, Kady, Ingebjørg, Lisa og Beate. I 2. omgang kom Malene inn for Susanne og Synnøve inn for Elise. Elise kom innatt siste ti minutta for Beate.

Terminliste og tabell finn du her.

Eid kom kjapt ned på jorda igjen etter det sterke bortepoenget forrige veke og måtte sjå seg slått av Jølster fredag kveld. Her er det Merete Heggen som tar av i ein damekamp sesongen 2009. FOTO: Stig Høynes, haugenfotball.no

Susanne Skogstad i duell med ein Jølster-spelar fredag kveld. FOTO: Stig Høynes, haugenfotball.no

Damene frå Eid jublar etter å ha teke leiinga ved Ingebjørg Scott Bale tidleg i kampen, men det haldt dessverre ikkje heilt inn denne gongen. FOTO: Stig Høynes, haugenfotball.no

Damelaget

Hovudsponsor

Sponsorar







Meiningsmåling

Kva plass på tabellen trur du Eid ender på ved sesongslutt?
 

Vèret på Nordfjordeid

11.09.2010 - 06:09 - 12:09
Saturday Regn from east-southeast
4.0 m/s
2.2 mm
13°C
Regn, 4.0 m/s, Øst-sørøst, Lett bris. 2.2 mm. 1009.1 hPa
fredag og lørdag
Sogn og Fjordane: Sørøst bris, frisk bris og periodevis liten kuling 12 m/s utsatte steder og i fjellet, i natt til dels stiv kuling 15 på kysten. Tilskyende og fra sent i kveld eller i natt litt regn, først i ytre og sørlige strøk. Lørdag formiddag minking til sørlig frisk bris 10, fra om ettermiddagen skiftende bris, sørvest opp i frisk bris ved Stad. Regnbyger.
Saturday11.09.2010
06:00
12:00
Regn13°C
2.2mm
from east-southeast
4.0m/s
12:00
18:00
Regn14°C
1.4mm
from south-southwest
1.9m/s
18:00
00:00
Skyet15°C
0.0mm
from south-southeast
0.7m/s
Weather forecast from yr.no