Damelaget: Eid spelar heime mot Jølster fredag 7. mai kl. 19.00 på Eid Idrettspark.

No må folk berre trekke frå 21 timar på klokka oppe i hjørnet. Fredag kl. 19.00 møter Eid sine damer Jølster til toppoppgjer i 3. divisjon. Kampen går på kunstgraset. Det skal bli spennande å sjå om vi har blitt så mykje betre sidan i fjor at vi kan true endå eit topplag. Jølster sitt fremste våpen er vel spelande trenar Siren Heggheim Nilsen, som har erfaring frå toppklubbar og er ein av dei beste spelarane i divisjonen. Men trenar Arild Myklebust er ikkje kjend for å legge opp spelet etter motstandarane. Får vi spelet vårt til å klaffe, bør vi kunne halde så mykje på ballen at Jølster ikkje får så mykje høve til å etablere trykk mot oss.

Så håpar vi endeleg på ein kamp i såpass vêr at både spelarar og publikum kan stille utan stilongs.

Håpar mange møter opp og heiar fram det flotte damelaget vårt!

Eid sitt jentelag storspelte på Norway Cup i fjor og mange av desse er fast inventar på Eid sitt damelag i 2010. Bak frå venstre: Veronika Stokke, Nina Rognes, Thea Tryggestad, Beate Kjøsnes og Ann-Iren Holmgren. Framme frå venstre: Synnøve Myklebust, Merete Heggen, Marte Hjelle og Ingebjørg Scott Bale. FOTO: Kent Tryggestad

Damelaget

Hovudsponsor

Sponsorar







Meiningsmåling

Kva plass på tabellen trur du Eid ender på ved sesongslutt?
 

Vèret på Nordfjordeid

11.09.2010 - 06:09 - 12:09
Saturday Regn from east-southeast
4.0 m/s
2.2 mm
13°C
Regn, 4.0 m/s, Øst-sørøst, Lett bris. 2.2 mm. 1009.1 hPa
fredag og lørdag
Sogn og Fjordane: Sørøst bris, frisk bris og periodevis liten kuling 12 m/s utsatte steder og i fjellet, i natt til dels stiv kuling 15 på kysten. Tilskyende og fra sent i kveld eller i natt litt regn, først i ytre og sørlige strøk. Lørdag formiddag minking til sørlig frisk bris 10, fra om ettermiddagen skiftende bris, sørvest opp i frisk bris ved Stad. Regnbyger.
Saturday11.09.2010
06:00
12:00
Regn13°C
2.2mm
from east-southeast
4.0m/s
12:00
18:00
Regn14°C
1.4mm
from south-southwest
1.9m/s
18:00
00:00
Skyet15°C
0.0mm
from south-southeast
0.7m/s
Weather forecast from yr.no